13.11.2012

Trettande november

Trettande november 1942 kom gitaristen John Paul Hammond til verda i storbyen New York City. Hammond kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for Bob Dylan på plata Bring It All Back Home frå 1965. Han er også kreditert for å spele Blues Harp på sporet Pony frå Tom Waits si plate Mule Variations, som kom på marknaden i 1999. I 1949 vart Terry Reid fødd i Huntingdon i England. Gitaristen Reid har slept plater på eiga hand, men er best kjend for å spele for andre. Hjå meg kan Reid høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Jackson Browne på plata Late For The Sky frå 1974. I 1953 fekk verda trommeslagaren Andrew Ranken. Ranken er best kjend for å spele trommer for The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Der er han rett nok omtalt som Ardren Ranken. I 1978 kom Nikolai Fraiture til verda i New York City. Fraiture er bassist i The Strokes. Same dag slepte Kate Bush si andre studioplate, Lionheart, som berre nådde ein skuffande sjetteplass på listene. I 1981 var Ferryhill staden for dei som ville høyre Toy Dolls spele og det hendte på 101 Club. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit. I 1987 kom The Sisters Of Mercy si andre studioplate, Floodland. I 2000 kom Oasis si konsertplate Familiar To Millions, som var spela inn på Wembley Stadium tjuefyrste juli same år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar