20.11.2012

Tjuande november

Tjuande november 1947 vart Joseph Fiddler Walsh fødd i Wichita i Kansas. Multiinstrumentalisten Joe Walsh si musikalske karriere er nær knytt til Eagles, men hjå meg må ein nøye sem med å høyre arbeidet hans på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1949 kom Ulf Gerhardt Lundell til verda på Söder i grannelandet sin vakre hovudstad Stockholm. Rockepoeten Uffe er ein skandinavisk blanding av Bob Dylan og Bruce Springsteen og rockar skjorta av dei fleste nolevande svenskar. Best kjend, frå ein rikhaldig katalog, er nok klassikaren Öpna Landskap. Lundell har også gjort seg merkt som forfattar og biletkunstnar. I mi platehylle finn du plata Män Utan Kvinnor frå 1997. I Tacoma Park i Maryland vart William Reichenbach Jr fødd. Trombonisten Bill Reichenbach kan hjå meg høyrast på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, han spelar også på songen Trouble’s Braids på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og han kan også høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I Bologna kom Fiorenzo Zanotti til verda. Fio Zanotti sitt bidrag til mi platehylle finn du på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998, der han spelar Hammond Orgel. I 1965 kom Michael Diamond til verda i New York City. Mike D er ein av grunnleggjarane av Beastie Boys og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Licenced To Ill (1986), Paul’s Boutique (1989), Check Your Head (1992), Ill Communication (1994), Hello Nasty (1998), i tillegg til samleplatene The In Sound From Way Out (1996) og The Sound Of Science (1999). I Pinar Del Rio på Cuba kom Senen Reyes til verda. Rapartisten Sen Dog sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på Rage Against The Machine si studioplate Renegades frå 2000. I 1966 vart Kevin Matthew Gilbert fødd i den californiske hovudstaden Sacramento. Multiinstrumentalisten Kevin Gilbert sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sheryl Crow si debutplate Thuesday Night Music Club frå 1993. Gilbert døyde av surstoffmangel under ein onanileik i 1996. I 1975 kom David Paden Marchand til verda i Rochester i New York. Vegetarianaren Davey Havok syng til dagleg i AFI, men hjå meg kan han høyrast med vokalbidrag på The Offspring si plate Americana frå 1998. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago, same dag som The Clash slepte singelen This Is Radio Clash, som klatra til førtisjuandeplass på dei britiske singellistene. I 1982 hoppa Olga og dei andre gladpønkarane i Toy Dolls på scenen i Framwellgate Moor Club i kolbyen Durham. I 1986 kom Michael Jared Followhill til verda i Tennessee. Jared Followill er bassist i det søskendominerte bandet Kings Of Leon. Same dag var Tsubaki House i Tokyo vertskap for Toy Dolls. I 1995 gav The Beatles ut det meste av det beste frå dei åtte fyrste åra i bandet si karriere under tittelen Anthology 1, ein dobbel CD. Same dag spelte Ozzy Osbourne live i Ballroom Barrowlands i Glasgow. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre klassikarar som Paranoid, No More Tears, I Don't Want To Change The World, Suicide Solution, Sabbath Bloddy Sabbath, Mama, I'm Coming Home og Bark At The Moon, som alle kan høyrast på liveplata Master Of Madness som kom på marknaden i 1996. I 2005 døyde Fritz Richmond.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar