21.11.2012

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1926 kom Odd Lunde Børretzen til verda på Hjelmeland i Rogaland. Heilt sidan sekstitalet har prestesonen, forfattaren og songaren m.m. Odd Børretzen kombinert lyrikk og musikk med ei svært ironisk tilnærming og med suverent resultat. Han har samarbeida med fleire store norske artistar som visesongaren Alf Cranner og gitaristen Lars Myhre. Mi platehylle byr på den sjølvtittelerte debutplata frå 1974, konsertplata Odd Børretzen og Alf Cranner I Levende Live På Sandvika Kino En Kald Desemberdag I 1973 (1974), og Noen Ganger Er Det Al Right (1995). Børretzen døyde i 2012. I 1940 vart Malcolm John Rebennack Jr fødd i New Orleans i Louisiana. Dr. John har hausta fleire Grammy-titlar og var ein ettertrakta studiomusikar før han gjekk i gang med ein platekarriere som soloartist. Mi platehylle byr på soloplata Anutha Zone frå 1998. I tillegg kan Dr. John høyrast medan han trakterar diverse tangentinstrument på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992, og på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975. I 1946 kom Rainer Brüninghaus til verda i tyske Bad Pyrmont. Pianisten Brüninghaus sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1948 vart keybordisten John Douglas Bundrick fødd i Houston. Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, men hjå meg er det på Sleeping With The Dog frå Jethro Tull-plata Catfish Rising arbeidet hans kan høyrast. I 1950 kom David Williams til verda i marinebyen Newport News i Virginia. Gitaristen Williams spelte for Michael Jackson på plata Off The Wall frå 1979. Williams døyde i 2009. I 1960 fekk verda bassisten Brian Ritchie. Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 fekk verda den islandske songarinna Björk Guðmundsdóttir, som hjå meg både har fått plass til soloplata Debut frå 1993 og plata Stick Around For Joy som ho gav ut i 1992 som ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1968 vart Steven Alexander James fødd i Bornemouth. Alex James er best kjend som bassist i Blur, men driv også som osteproduserande bonde. I tillegg til seks Blur-plater kan James høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001. I 1971 platedebuterte Gasolin’ med plata Gasolin’ (Gaz 1). I 1973 kom Rain Joan Of Arc Bottom til verda i Crocket i Texas. Veslesystera til skodespelarane River og Joaquin Phoenix er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på songen Bang And Blame på R.E.M. si plate Monster frå 1994. I 1975 vart Erlend Øye fødd. Øye påstår han er The Whitest Boy Alive, men hjå meg kan han høyrast som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience på deira debutplate Quiet Is The New Loud frå 2001. Øye er også kreditert for vokalhjelp på Röyksopp si plate Melody A.M. frå 2001. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resultatet kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1980 slepte The Clash singelen The Call Up, som nøyde seg med ein førtiandeplass på dei engelske singellistene. Same dag la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den tredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne Gordiane og tilreisande i Newcastle City Hall, same dag som Matthew Ashman døyde. I 2000 slepte Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remixar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar