07.11.2012

Sjuande november

Sjuande november 1943 vart Roberta Joan Andreson fødd i Fort McLeod i canadiske Alberta. Joni Mitchell var med å setje sitt preg på den nordamerikanske folkrock-scena på sekstitalet og har samarbeida med dei fleste av dei store artistane frå den tida. I mi platehylle finn du Mitchell sine bidrag til musikkhistoria på hennar åttande studioplate Hejira frå november 1976. Mitchell syng også på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og er også kreditert for vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda i Bodø. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo, men har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1964 vart Liam Ó Maonlaí fødd i Irland. Maonlaí var ein av grunnleggjarane av Hothouse Flowers i 1985 og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er Crosby, Stills, Nash & Young-plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. Same dag gav ein ung og framstormande David Bowie ut plata Space Odity. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. King ov Hell er best kjend for tida han spelte i Gorgoroth, men hjå meg er det med bandet Sahg han kan høyrast. Plata har fått tittelen III og er bandet si tredje studioplate. Visnes spelte også bass på Audrey Horne si spellemannsvinnande plate No Hay Banda frå 2005. Same dag vart Christer Engen fødd. Engen, som også nyttar scenenamnet Chris Summers har ei fortid i både Big Bant, Turboneger og Euroboys. Hjå meg kan Summers høyrast på platene Retox, som Turboneger slepte i 2007, og Soft Focus, som var Euroboys sitt bidrag til populærkulturen i 2005. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som den lokale haustunderhaldninga. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste Australia-turné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 døyde Tracy Pew, same dag som ein kunne oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. R.E.M. sitt bidrag til platemarknaden fekk tittelen Green og var bandet si sjette studioplate. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon. I 1995 spelte R.E.M. i Paramid Arena i Memphis i Tennessee. Songen Bittersweet Me på plata New Adventures In Hi-Fi frå 1996 skal vere spela inn under lydprøven til denne konserten. I 1997 gav Ulf Lundell ut si sekstande studioplate, Män Utan Kvinnor, produsert av Lars Halapi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar