08.11.2012

Åttande november

Åttande november 1949 kom Bonnie Lynn Raitt til verda i Burbank i California. Bonnie Raitt har hjerja countrylistene med eiga karriere, men hjå meg høyrest ho med vokalhjelp på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1954 vart den amerikanske artisten Rickie Lee Jones fødd i Chicago. Den allsidige songarinna var i mange år betre kjend for å vere dama til Tom Waitz enn for eigne prestasjonar, men det er ikkje tvil om at ho står seg godt på eiga hand. Jones er i mi platehylle representert med plata The Magazine frå 1984. I 1957 kom Paul Stephen Thomson til verda i tennisen sitt hovudkvarter, Wimbledon. Gitaristen Porl Thomson er best kjend for arbeidet han gjorde med The Cure og heime hjå meg høyrer du han på plata Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1968 kom den amerikanske skodespelaren Parker Christian Posey til verda i Baltimore. Parker Posey lærte seg å spele mandolin i samband med ei rolle i filmen A Mighty Wind frå 2003, noko The Dandy Warhols sørgja for å utnytte, Posey spelar mandolin på songen I Am Sound frå plata Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 kom reggeaartisten Diana King til verda i Spanish Town i øystaten Jamaica. King platedebuterte med Tougher Than Love i 1995, ei plate som også har fått heim hjå meg. I 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1986 venta Madness på toget. Singelen Waiting For The Ghost Train stogga på ein åttandeplass på platelistene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlèt bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i Melbourne. Songen Kiss Of kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar