02.11.2012

Andre november

Andre november 1928 vart Herbert Albert Geller fødd i Los Angeles i California. Saksofonisten Herb Geller sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1938 kom den norske kunstnaren Oddvar Torsheim til verda på Herland i Askvoll kommune. Torsheim er betre kjend som målar enn som plateartist, men han har gjeve ut fleire soloplater og har delteke i talentkonkurransar. Mi platehylle byr på plata Tur-Retur Blues, som kom ut på plateselskapet Tylden i 2000. I 1945 vart John David Souther fødd i Detroit. J. D. Souther har samarbeida med dei fleste store namna innan countryrocken, og hjå meg kan han høyrast på plata Late For The Sky, som Jackson Browne slepte i 1974, og The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band Slepte i 1991. I 1947 vart David Pegg til verda. Dave Pegg har spelt med fleire store folk-rock namn, som mellom anna Fairport Convention, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1949 kom Rowland Salley til verda i Bellvidere i Illinois. Bassisten Salley er best kjend for samarbeidet med Chris Isaak og hjå meg høyrere du han på plata San Francisco Days frå 1993. I 1953 såg Stein Erik Tafjord dagens ljos i Langevåg på Sunnmøre. Tafjord spelar tuba og kan hjå meg høyrast som ein del av The Brazz Brothers på platene Afrobrazz (1993) og Aquarius (2001). I 1957 vart Carter Anthony Beauford fødd i Charlotteville i Virginia. Trommeslagaren Carter Beauford vert rekna som ein av verdas framste i sitt fag og spelar til dagleg i Dave Matthews Band. I mi platehylle held Beauford takten for DMB på debutplata Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1961 kom Kathryn Dawn Lang til verda i canadiske Alberta. k.d lang har seld millionar av plater og er verdas best kjende lesbiske countryartist. I mi platehylle finn ein platene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008. I 1969 vart Reginald Quincy Arvizu fødd i Los Angeles. Bassisten Reginald «Fieldy» Arvizu spelar til dagleg i Korn og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. Same dato i 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlèt Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Genève. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi. I 1999 gav Rage Against The Machine ut plata The Battle Of Los Angeles.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar