27.11.2012

Tjuesjuande november

Tjuesjuande november 1942 vart Johnny Allen Hendrix fødd i Seattle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. Johnny Allen tok seinare namnet James Marshall Hendrix, men er i ettertid best kjend som gitarguruen Jimi Hendrix. Jimi Hendrix revolusjonerte gitaren si tyding i moderne rock og har inspirert eit utal unge gitarheltar over heile verda. Hendrix døyde i 1970. Hjå meg kan gitarguruen høyrast på samleplatene Whipper, The Magic Collection og Cornerstones. I 1945 kom Randal Edward Brecker til verda i Cheltenham i Pennsylvania. Trompetisten Randy Brecker sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1957 vart Thomas Johnson fødd i Thomasville i North Carolina. Plateprodusenten Johnson er i mi platesamling kreditert for å spele perkusjon på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1959 vart Charles Burchill til verda i skotske Glasgow. Charlie Burchill var ein av grunnleggjarane av Simple Minds, som herja platelistene på åtti- og nittitalet. Hjå meg kan Burchill høyrast på plata Real Life frå 1991. I 1960 kom Lorraine Crosby til verda i engelske Walker. Songerinna kjend som Mrs. Loud kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i storbyen New York City. Benante sine musikalske bidrag til mi platesamling er som hardtarbeidande trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax på studioplatene State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time (1990), og på samleplata Attac Of The Killer B’s frå 1991. På den andre sida av det nordamerikanske kontinentet, i California, kom Michael Andrew Bordin til verda i San Francisco. Trommeslagar Mike Bordin var ein av grunnleggjarane av Faith No More, i tillegg held han takten for Ozzy Osbourne ved behov. Hjå meg kan Bordin høyrast på FNM-platene Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I 1965 vart gitaristen Fiachna Ó Braonáin fødd i Dublin. Ó Maonlaí er fast medlem av det irske bandet Hothouse Flowers og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. Visnes er best kjend under artistnamna King ov Hell, eller berre King og har spelt bass i det bergenske metallbandet Gorgoroth, men hjå meg er det som medlem i bergenske Sahg (Sahg III) og på den spelemanndekorerte plata No Hay Banda (2005) med Audrey Horne han kan høyrast. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på singellistene. Bandet bak denne perla var galningane i Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset In The Middle Of Our Street. Same dag slepte Ozzy Osbourne konsertplata Speak Of The Devil, som var ei samling av gamle Black Sabbath-slagarar framført på The Ritz i New York tidlegare same år. Plata erstatta eit planlagt konsertopptak der gitaristen Rhandy Rhoads stod for underhaldninga, dette vart utsett på grunn av Rhoads sitt uventa dødsfall, men kom i butikkane seinare med tittelen Tribute. I 1987 var familien Timmins i spissen for det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto, der dei spelte inn det som enda opp som plata The Trinity Sessions, som kom på marknaden året etter. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og enno tre i utskjelte, men likevel så myteomspunne Hammersmith Odeon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar