26.11.2012

Tjuesjette november

Tjuesjette november 1939 vart Anna Mae Bullock fødd i Nutbush i Tennessee. Tina Turner er kjend som rocken si bestemor, og er for dei fleste best kjend for solokarrieren si, som vart revitalisert med hjelp av alltid like velkledde David Bowie på slutten av det dekadente åttitalet. Turner sin best kjende song, Nutbush City Limits, har fått ei gate oppkalla etter seg i fødebyen hennar, slå den. Turner har også ei karriere på lærretet, der ho spela i filmar som Mad Max III og Tommy. Hjå meg er bestemor rock representert med soloplatene Forreign Affair (1989) og Twenty Four Seven (1999), i tillegg til ei samling som oppsummerar det beste ho gjorde saman med mannen som banka ho til topps på listene med duoen Ike & Tina Turner i fyrste del av karriera, den no avdøydde valdelege eks-mannen Ike Turner. I 1941 kom Amos Garrett til verda i Detroit i Michigan. Gitaristen Garrett skal ha spela med meir enn eit hundre og femti ulike plateartistar, hjå meg kan han høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1945 vart John Graham McVie fødd i Ealing i London. Bassisten John McVie vart i si tid hyra av Peter Green til å spele i Fleetwood Mac, ein jobb han har gjort så bra at han har jobben enno. Hjå meg kan McVie høyrast på studioplata Rumours (1977), i tillegg til samleplata Greatest Hits (1971). I 1953 kom Ian Parker til verda i skotske Irvine. Tangentmannen Parker, som har spela med Killing Joke og The Hollies, kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Tom Robinson Band med Tom Robinson Band. I 1967 kom John Stirratt til verda i deltabyen New Orleans i Louisiana. Bassisten Stirratt spelar til dagleg i Wilco og kan hjå meg høyrast på studioplatene Summerteeth (1999) og A Ghost Is Born (2004). I 1981 heldt AC/DC konsert i Checkerdome i den tidlegare OL-byen frå 1904, St. Louis i Missouri. I 1982 vart Magnus Robot Børmark fødd i Trondheim. Gitaristen Magnus Børmark spelte i Gåte og hjå meg kan han høyrast på plata Iselilja frå 2004. I Sunderland var det Annabels sin tur til i få ei vitjing av Toy Dolls. I 1985 sigla oktetten Madnesss over havet for å helse på Uncle Sam. Det vart løna med ein tjuefyrsteplass på singellistene. I 2002 slepte Snoop Dogg si sjette studioplate, Paid Tha Cost To Be Da Boss, ei plate som har seld i meir enn 1,3 millionar eksemplar verda over. I 2007 slepte Adam And The Ants den doble samleplata Dandy Highwaymen, og gjorde med det det meste av det beste frå ein gylden æra tilgjengeleg for det platekjøpande publikum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar