09.11.2012

Niande november

Niande november kom 1941 kom Thomas Richard Fogerty til verda i Berkeley i California. Tom Fogerty er storebroren til meir kjende John Fogerty og var den fantastiske gitaristen i Creedence Clearwater Revival, som herja platelistene for eit par generasjonar sidan. I mi platehylle finn du Fogerty sitt gitarspel på samleplata The Complete Hit-Album Vol. 1., som neppe kjem på bandet si offisielle liste over utgjevingar, men likevel inneheld det mest essensielle frå bandet si storheitstid. Fogerty døyde i 1990. I 1941 vart Richard Greene fødd i luksuriøse Beverly Hills like utanfor storbyen Los Angeles i California. Felespelaren Greene vert rekna som ein av dei framste i sin bransje og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1948 vart Joseph Bouchard fødd i Watertown i delstaten New York. Bassisten Joe Bouchard spelte i Blue Öyster Cult, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Spectres frå 1977. I 1954 vart Dennis Stratton fødd i engelske Canning Town. Gitaristen Stratton spelte i Iron Maiden frå 1979 til 1980 og deltok på innspelinga av bandet si sjølvtittlerte debutplate frå 1980. I 1985 kom W.A.S.P. si andre studioplate, The Last Command. Sidan sist hadde Steve Riley erstatta Tony Richards på stolen bak trommesettet. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 nytta Toy Dolls kvelden til å spele på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde Pancho” Hagood. I 1992 gav Mano Negra ut konsertplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i hamnebyen Portsmouth.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar