16.11.2012

Sekstande november

Sekstande november 1942 vart Geir Børresen fødd i Oslo. Skodespelaren Børresen opplevde gigantisk suksess då han song den norske vokalen på dei utruleg kitche smurfeplatene som herja den vestlege verda frå slutten av syttitalet. I 1945 kom Paul Martin Raymond til verda i engelske St. Albans. Paul Raymond har livnært seg som gitarist i band som UFO og hjå meg kan han høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1954 vart Louis Conte fødd på Cuba. Perkusjonisten Conte sitt bidrag til mi platehylle finn du på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1962 vart Gary Manny Mounfield fødd nær den engelske storbyen Manchester. Mani var bassist i The Stone Roses og gjør i dag teneste i Primal Scream. Hjå meg kan Mani høyrast på The Stone Roses si andre, og enn så lenge, siste studioplate, The Second Coming frå 1994, og på Primal Scream sine studioplater XTRMNTR frå 2000 og Beautiful Future frå 2008. I 1966 kom Christian Lorenz til verda i Berlin. Doctor Lorenz spelar til dagleg keyboard i Rammstein og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Sehnsucht frå 1997. I 1977 la Lynyrd Skynyrd spørsmålet What’s Your Name? ut på dei amerikanske singellistene, b-sida med tittelen I Know A Little gjev eit hint om at dei hadde ei aning. I 1978 var Led Zeppelin på plass i ABBA-bastionen Polar Studios i Stockholm og spelte inn songen Darlene. Resultatet frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1981 bydde datoen på konsert med AC/DC i Cobo Arena i Detroit. Tidlegare på dagen hadde Kiss slept konseptalbumet Music From The Elder, som på ingen måte vart den salssuksessen som bandet og produsenten Bob Ezrin hadde vona. Gitaristen Ace Freley forlèt bandet etter at plata var spela inn og vart erstatta av Bruce Kullic. I 1982 døyde Al Haig. I 1989 var Salle de la Cite i Rennes arena for Toy Dolls sine herjingar. I 1992 slepte Mano Negra si fyrste liveplate, In The Hell Of Patchinko. Dette var mitt fyrste møte med bandet og eg hugsar enno at håra på armen min reiste seg då den rå energien strøyma ut av høgtalarane og inn i øyrene mine. Absolutt ei av dei beste platene eg har høyrd nokon sinne. I 1993 slepte Ponter Sisters plata Only Sisters Can Do That, bandet si femtande studioplate. I 1995 spelte R.E.M. i North Charleston Coliseum i Charleston. Songen The Wake-Up Bomb kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 1999 kom Will Smith si andre studioplate Willennium og eg har ikkje anna forklaring på at eg eig denne plata enn at ein kan få mykje rart for ein tiar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar