25.12.2011

Tolvte desember

Tolvte desember 1943 vart Forrest Richard Betts fødd i Florida. Dickey Betts var ein av grunnleggjarane av The Allman Brothers Band og held ut saman med resten av bandet enno. I 1944 kom Alejandro Neciosup Acuña til verda i Peru. Alex Acuña sitt trommespel kan høyrast på plata Storywille som den tidlegare The Band-nestoren Robbie Roberson gav ut i 1991. Same fødselsdag er kreditert Robert Derminer. Rob Tyner er best kjend som vokalisten med det store håret i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5, som inspirerte ein heil generasjon unge punkarar og hardrockarar på slutten av sekstitalet. MC5 sitt bidrag til mi platesamling heiter Back In The USA og kom på marknaden i 1970. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom trommeslagaren Anthony Tillmon Williams til verda i Chicago. Tony Williams kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969, og Water Babies frå 1976. Williams døyde i 1997. I 1953 kom gitaristen Bruce Kullick til verda i New York. Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk genren og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin. Hjå meg kan Baird høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin som moderbandet The Georgia Satellites gav ut i 1989. I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den diffuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1976 kom Daniel Francis Hawkins til verda i Surrey. Dan Hawkins er bror av meir kjende Justin Hawkis og spelar gitar i bandet The Darkness. Same kveld gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. Same dag var AC/DC attende i Capital Center i Largo/Landover der publikum fekk høyre Flick Of The Switch og Bedlam In Belgium. Eit tidlegare uutgjeve opptak frå denne konserten er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saksofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar