25.12.2011

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1939 kom James Gurley til verda i Detroit. James Gurley var ein av to gitaristar i Big Brother & The Holding Company. Gurley døyde i 2009. I 1946 vart den energiske Cheap Trick-gitaristen Rick Nielsen fødd i Rockford i Illinois. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala liveplata, den doble samleplate The Essential Cheap Trick, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. I 1953 var Chet Baker i studio og spela inn Pro Defunctus og Moonlight Becomes You. Med seg i studio hadde han saksofonistane Herb Geller, Jack Montrose og Bob Gordon, pianisten Russ Freeman, Joe Mondragon på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Begge låtane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. I 1965 freista The Byrds å korte ned ventetida fram til jul med å spele inn det som vart alternative versjonar av Eight Miles High og Why. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Fifth Dimension. I 1967 kom Manic Street Preachers gitaristen Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Edwards forsvann i 1995 og er antatt daud. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 2002 døyde Joe Strummer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar