25.12.2011

Femte desember

Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg. Bassisten Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1961. Davis døyde i 2007. I 1938 vart J. J. Cale fødd, som John Weldon Cale i præriebyen Oklahoma City. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young-plata Comes A Time frå 1978. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Etheridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til plata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande coverlåtar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar