25.12.2011

Åttande desember

Åttande desember 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Morrison døyde i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville. Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. I 1957 vart bassisten Johnny Rod fødd. Rod spelte bass i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda. Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999. Friedman han høyrast på plata Rust In Peace. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i County Dublin i Irland. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. I 1975 døyde Gary Thain. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar