25.12.2011

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom sporven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongarske før ho vart oppdaga og fekk platekontrakt. Piaf døyde i 1963. I 1929 vart jazzmusikaren Robert Brookmeyer fødd i Kansas City. Bob Brookmeyer kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1935 kom Robert Henry Timmons til verda i Philadelphia. Pianisten Bobby Timmons sine leikne tonar kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Timmons døyde i 1974. I 1944 vart supergitaristen Graham Barnes fødd i Nottingham. Alvin Lee starta bandet Ten Years After i 1960 og gjorde ein fantastisk konsert på Woodstock i 1969. Hjå meg kan du høyre bandet si sjette studioplate, Watt, frå 1970. I 1947 kom den skotske bassisten Jimmy Bain til verda i Newtonmore. Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio og hjå meg kan han høyrast på platene Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. I 1951 fekk verda den nordirske bassisten Gerry McAvoy. McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rorry Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976. I 1957 kom den australske bassisten Tracy Pew til verda. Tracy Pew spelte i bandet The Birthday Party og kan hjå meg høyrast på plata Junkyard frå 1982. Pew døyde i 1986. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør og solist var Marshall Royal på altsaksofon. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var vertskap for Toy Dolls.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar