25.12.2011

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1929 vart jazztrompetisten Chesney Henry Baker, Jr fødd i Oklahoma. Norskætta Chet Baker fekk etter kvart mange fans for det særeigne trompetspelet sitt. Men nesten like mykje omtale har Baker hausta for narkotikabruken sin, ein uvane som sørgjer for at han fekk lang fengselsstraff i Italia, at han vart deportert frå det som den gong vart kalla Vest-Tyskland og at karrieren hans gjekk rett på skogen. Baker døyde etter at han fall ut av eit hotellvindauga i Amsterdam i 1988. I 1951 kom bassisten Doug Stegmeyer til verda på Long Island. Stegmeyer er best kjend for samarbeidet sitt med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1956 fekk verda David Michael Murray. Gitaristen Dave Murray er i dag den eine av to gjenværande originalmedlemmer i Iron Maiden. Moonface Murray er til no representert på femten Iron Maiden studioplater i mi platehylle. Please keep it comin’. I 1962 vart trommeslagaren Sonny Emory fødd i Atlanta. Emory kan høyrast medan han spelar trommer for The B-52’s på plata Cosmic Thing frå 1989. Same dag kom Sarah Jordan til verda i den tradisjonsrike engelske industribyen Birmingham. Sass Jordan voks opp i kanadiske Montreal og kan hjå meg høyrast på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1964 kom Edward Louis Severson III til verda i Chicagoforstaden Evanston i Illinois. Eddie Vedder er vokalist i grungebandet Pearl Jam som vart starte i Seattle i 1990. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skada skulder. Sjølv om musikarkarrieren fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stanger Than Fiction frå 1994, og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1979 kom Toy Dolls til Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1998 markerte The Cranberries at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar