04.12.2011

Fyrste desember

Fyrste desember 1945 vart den amerikanske skodespelaren og songarinna Bette Midler fødd i stillehavsparadiset Hawaii. Midler skapte seg legendestatus for hovudrolla i filmen The Rose, som uoffisielt handlar om livet til Janis Joplin. Midler sitt bidrag til mi platehylle heiter Some People’s Lives og kom på marknaden i 1990. I 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste jazz- og rockebassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt eminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976. Pastorius sleit etter kvart med store rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka rått og brutalt ihel av ein dørvakt i Florida i 1987. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You som etter kvart vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000, som står i mi platehylle. I 1977 gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar