25.12.2011

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart tidlegare Kiss-trommis Peter Criss fødd med det lyriske døypenamnet George Peter John Criscoula. Criss var ein av dei fire originale medlemmene av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse attforeiningar av Kiss. I 1957 kom Stephen William Bragg til verda i London. Billy Bragg er ein kjend artist på alternativscena der han blandar element frå folk rock og punk. Billy Bragg er ein aktiv aktivist på den politiske venstresida, slike skulle det ha vore fleire av, og bidraget til mi platehylle heiter Workers Playtime. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Ain’t Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som kom på marknaden året etter. I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVD-en Undead And Alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo/Landover. Songane Back In Black og T.N.T. frå denne konserten kan nytast på DVD’en Plug Me In. I 1982 vart John Olav Nilsen fødd. Saman med Gjengen platedebuterte John Olav i 2009 med plata For Sant Til Å Være Godt, som vart ein bestsegjar i ein elles vanskeleg platemarknad. Salstala for oppfølgjaren Det Nærmeste du kommer er i skrivande stund ikkje klare, men det er lov og håpe at den vil vere ei antitese i ei verd prega av dalande platesal. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London. I 2009 døyde James Gurley.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar