25.12.2011

Sjette desember

Sjette desember 1955 vart Leticia Hinojosa fødd i San Antonio i Texas. Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement. Mi platesamling byr på plata Homeland frå 1989. Same dag kom trommeslagar Paul Richard Buckler til verda. Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam. I 1956 vart Randall William Rhoads fødd på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Randy Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er best kjent for å ha spelt gitar på dei to fyrste studioplatene til skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. Rhoads sin visjon var å foreine hardrock og klassisk musikk, noko som kan høyrast på konsertplata Tribute, som Ozzy Osbourne gav ut som ei hylling fem år etter at kompisen gjekk bort. Rhoads døyde i ei småflyulukke i Florida i 1982. Ein som deler fødselsdag med Rhoads er Peter Lawrence Buck. Peter Buck er ein av grunnleggjarane av R.E.M., som etter kvart er med å setje preg på platesamlinga mi. Buck har ei rekkje sideprosjekt på gang og kan også høyrast på plata Trading With The Enemy, som han slepte med bandet Tuatara, han er i tillegg kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1971 gjekk Deep Purple i studio i den sveitsiske festivalbyen Montreaux. Her byrja dei innspelinga av det som skulle ende opp som albumet Machine Head, der ein blant alle godbitane finn songen som er å rekne som bandet sin kjenningsmelodi, Smoke On The Water. I 1977 vart gitaristen Kjetil Grande fødd. Grande har ei fortid som gitarist i bandet Good Time Charlie og kan høyrast på plata Oochie Coochie!. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1988 døyde Roy Orbison. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regissør. I 1994 kom Pearl Jam si tredje studioplate Vitalogy. I 1999 kom Kent med plata Hagnesta Hill.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar