25.12.2011

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste julaftan, 1919 vart Henry Coker fødd i Dallas. Trombonisten Coker spelte med Count Basie på femti- og sekstitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Coker døyde i 1979. I 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1973 vart Kjell Grutle fødd. Grutle Kjellson er vokalist og bassist i Enslaved og står for to solide bidrag til mi platehylle, Vertebrae og Axioma Ethica Odini. I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar