13.06.2013

Trettande juni

Trettande juni 1951 vart Howard M. Leese fødd i Hollywood i California. Gitaristen Howard Leese spelar i dag med Bad Company og Paul Rodgers Band, men spelte frå 1975 til 1997 med Heart og kan hjå meg høyrast på platene Little Queen (1977), og konsertplata Rock The House-Live frå 1991. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York for å spele inn songen Caprikorn. Songen vart tilgjengeleg for platekjøparane på samleplata Water Babies i 1976. I 1970 kom Rivers Cuomo til verda i den sjarmerande storbyen New York City. Cuomo er songar i Weezer og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Weezer (The Blue Album (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) frå 2001. I 1977 gav Neil Young ut plata American Stars’n Bars, som inneheld låten Like A Hurricane, ein av dei best kjende og mest populære songane hans. I 1978 kom Rune Solheim til verda på Husnes. Soleheim er trommeslagar og held takten for Kaizers Orhestra. I 1983 slepte Stevie Ray Vaughan And Double Trouble plata Texas Flood. Me som har kompaktplateversjonen som inneheld konsertopptak frå seinare same året matte nok vente ei stund, men det var det verdt. I 1995 kom Alanis Morissette si tredje studioplate, og fyrste internasjonale utgjeving, Jagged Little Pill. I 2000 slepte dei to gitarkompisane B.B. King og Eric Clapton plata Riding With The King, som selde til dobbel platina i USA og også hadde ein annan gitarkonge med på laget, Jimmy Vaughan. I 2005 slepte Rory Gallagher sitt dødsbu samleplata Big Guns. The Best Of Rory Gallagher.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar