17.06.2013

Syttande juni

Syttande juni 1939 kom James Gadson til verda i Kansas City i Missouri. Trommeslagaren Gadson kan hjå meg høyrast på plata I Want You, som Marvin Gaye slepte i 1976. I 1940 vart Charles Walter Rainey III fødd i Cleaveland i Ohio. Bassisten Chuck Rainey sine bidrag til mi platehylle høyrer du på Tim Buckley si plate Greatings From L.A. frå 1972, og på Marvin Gaye si 1976-plate I Want You. I 1944 kom Peter Robinson til verda i engelske Staveley. Gitaristen Chris Spedding har gjeve ut fleire plater under eige namn, han har vore ein snartur innom Roxy Music og i mi platehylle kan gitarspelet hans høyrast på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. I 1946 vart Brian John Cole fødd i Enfield i England. I mi platehylle kan B.J. Cole høyrast medan han spelar steel-guitar på Joan Armatrading si sjølvtittelerte tredjeplate frå 1976, for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988, og for Roger Waters på hans tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1947 kom Gregg Alan Rolie til verda i Seattle i Washington på den amerikanske vestkysten. Gregg Rolie har vore innom Santana, og er like kjend for å spele i Journey. Hjå meg kan Rolie høyrast på Journey si samleplate Greatest Hits, i tillegg til at han spelar piano for David Crosby på hans solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I engelske Manchester kom Paul Young til verda. Songaren Young slo gjennom som frontmann for bandet Sad Café, men hjå meg kan han høyrast som ein del av bandet Mike + The Mechanics på plata Word Of Mouth frå 1991. Young døyde i 2000. I 1953 kom Philip Ryan til verda i den irske hovudstaden Dublin. Ryan nyttar aliaset Phil Chevron når han spelar gitar for folkpunkbandet The Pogues på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). I mi platesamling kan Chevron også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road, som kom på marknaden i 1988. I 1958 såg Eric Reed Boucher dagens ljos i Boulder i fjellstaten Colorado. Den legendariske amerikanske punkrockaren Jello Biafra vart kjend som drivkrafta bak det amerikanske punkbandet Dead Kennedys og har elles spela med mellom anna DOA, men i mi platesamling er det som hjelpevokalist for Mano Negra på plata Casa Babylon frå 1994, og på eit spor på The Offspring si plate Ixnay On The Hombre frå 1997, han kan høyrast. I 1962 vart den nordirske gitaristen Martin Kennedy fødd i Belfast. Bap Kennedy var leiar for gitarrockebandet Energy Orchard, som har forvilla seg inn i mi platesamling med ei dobbel konsertplate, Orchardville, frå 1996. I Helsingfors kom Matti Antero Kristian Fagerholm til verda. I mi platesamling kan den tidlegare Hanoi Rocks-vokalisten Michael Monroe høyrast med munnspel og saksofon på Guns ‘N Roses si plate Use Your Illution I frå 1991 og med vokalhjelp på same band si The Spaghetti Incident frå 1993. I 1964 vart Steven B. Kravac fødd i kanadiske British Columbia. Plateprodusenten Steve Kravac sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på Guttermouth si plate Friendly People frå 1994. I 1967 såg Eric Matthew Stefani dagens ljos i Fullerton i California. Eric Stefani, som er bror av meir kjende Gwen, spelte tangentar i No Doubt i perioden 1986 til 1995. Hjå meg kan Stefani høyrast på studioplata Tragic Kingdom frå 1995, i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003. Stefani er også kreditert for pianospel på eitt spor på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1978 vart Esben Ullbæk Bundgaard-Jørgensen Selvig fødd i København. Esben Selvig er kjend frå rapgruppa Klovner I Kamp og hjå meg kan han høyrast på plata Bjølsen Hospital frå 2001. I 1991 slepte Yello plata Baby. I 2003 var AC/DC på plass i Circus Krone i München for å halde konsert. Dei frammøtte fekk høyre Stiff Upper Lip og Thunderstruck, som også kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2005 døyde Karl Mueller.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar