05.06.2013

Femte juni

Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i idylliske New Haven i Connecticut. Pianisten Pete Jolly kan du høyre om du følgjer med på fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle kan du nyte pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom Michael Davis til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Bassisten Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis i Missouri. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf der ho hjå meg kan høyrast på platene Bat Out Of Hell frå 1977, og Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993). I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si plate Welcome To The Club frå 1980, og på The Clash si plate Combat Rock, som kom på marknaden i 1982. I 1957 vart John Fumo fødd i Kenosha i Wisconsin. Trompetisten Fumo kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin song Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock. Songen enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som kom på marknaden i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 sa Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre studioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar