20.06.2013

Tjuande juni

Tjuande juni 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i Los Angeles i California. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1962. Dolphy døyde i 1964. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Douglas Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Brian Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-plater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig to av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002, og Presents Smile, som vart slept i 2004. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1948 kom Alan Longmuir til verda i Edinburgh. Longmuir spelte bass i bandet Bay City Rollers, eit band han, saman med broren Derek, var med å starte i 1966. I 1968 vart Eric Dwayne Collins fødd i Long Beach i California. Raparen RBX kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. I 1971 kom Jeordie Osbourne White til verda i Coral Springs i Florida. Bassisten og gitaristen Twiggy Ramirez spelar for Marilyn Manson, rett nok med eit opphald i perioden 2002 til 2008, men kan hjå meg høyrast på studiplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på plata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1979 kom Charlotte Franklin Hatherley til verda i London. Gitaristen Charlotte Hatherley kan hjå meg høyrast frå tida ho tenestegjorde i bandet Ash. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på liveplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar