26.06.2013

Tjuesjette juni

Tjuesjette juni 1937 kom Reginald Workman til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Reggie Workman sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på John Coltrane si niande studioplate Olé Coltrane frå 1962, som er ei av tre plater Workman gjorde med Coltrane, og på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964, og på same artist si tiande studioplate, Adams Apple frå 1966. I 1942 vart Samuel Taylor fødd i verdsmetropolen New York City. Bassisten Larry Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1943 kom Clive Powel til verda i engelske Leigh. Tangentmannen Georgie Fame spelar i mi platehylle på Van Morrison Enlightenment frå 1990. I 1955 kom Michael Lewis Jones til verda i London. Mick Jones voks etter kvart opp til å bli gitarist i The Clash, eit karriereval som har gjeve han legendestatus over store delar av den vestlege verda. Jones sitt bidrag til platehylla mi kan høyraste på platene Combat Rock frå 1982, og samleplata The Singles, som vart slept i 2007. Jones samarbeidar også med tidlegare Clash-kollega Paul Simonon på Gorillaz-plata Plastic Beach frå 2010. I 1956 kom Christopher Joseph Isaak til verda i Stockton i California. Chris Isaak er artist og, innimellom skodespelar, og er representert med to titlar hjå meg, Wicked Game (1991) og San Francisco Days (1993), så langt, det kjem meir. I 1957 vart Patty Smyth fødd i New York City. Smyth har hatt suksess både som bandmedlem og soloartist, men er for tida best kjend for å vere gift med det tidlegare tennisesset John McEnroe. Hjå meg kan Smyth høyrast som hjelpevokalist på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1969 kom Colin Charles Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Bassisten Collin Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på platene Pablo Honey (1993) og OK Computer frå 1997. I 1979 kom Ivan Nathan Followill til verda i Oklahoma. Nathan Followill er trommeslagar i bandet Kings Of Leon, der han spelar samen med to av brørne sine. Hjå meg høyrer du brørne Followhill på plata Aha Shake Heartbreak frå 2004. I 1987 var Toy Dolls i Hendersons Hall i Newcastle. I 1990 slepte Sonic Youth si sjette studioplate, Goo. Dette var den fyrste bandet slepte på eit av dei store plateselskapa, Geffen. I 2010 døyde Benny Powell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar