24.06.2013

Tjuefjerde juni

Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein soloplata Who Else frå 1999. I tillegg kan Beck sitt brilliante gitarspel nytast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I tennisforstaden Wimbledon på ei anna side av London vart Mike de Albuquerque fødd. Bassisten Albuquerque spelte i Electric Light Orchestra frå 1972 til 1974 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda i idylliske Cornvall. Trommeslagaren Mick Fleetwood er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac og har vore med i det engelske bluesrockbandet frå byrjinga i 1967 og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, samleplata Greatest Hits frå 1971, og den legendariske storselgjaren Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1957 vart Terence Williams fødd i engelske Birmingham. Astro var ein av grunnleggjarane av UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1960 kom Siedah Garrett til verda i Los Angeles i California. Songerinna Garrett har vunne Grammy og vore nomminert til Oscar. Hjå meg kan Garrett høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986. I 1961 vart Curt Smith fødd i den engelske småbyen Bath. Smith var den eine halvleiken av den engelske duoen Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), og samleplata Tears Roll Down. I 1964 kom Niklas Hellberg til verda. Hellberg er i mi platehylle kreditert for å spele på plata Kärlek Är För Dom, som var Thåström si sjette soloplate og kom på marknaden i 2009. I 1967 kom Richard Zven Kruspe til verda i den historiske byen Wittenberg. Richard Z. Kruspe er gitarist og hjelpevokalist i Rammstein som i mi platehylle kan høyrast på plata Sensucht. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar. I 1978 vart Nikolai Eilertsen fødd i Skotselv. Bassisten Eilertsen kan hjå meg høyrast på Bigbang sine plater Electric Psalmbook (1999), Clouds Rolling By frå 2000, og Too Much Yang (2007).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar