16.06.2013

Sekstande juni

Sekstande juni 1947 kom Tom Malone til verda på Hawaii. Tom “Bones” Malone spelar dei fleste blåseinstrument, men er best kjend for å spele trombone. Malone er fast medlem av The Blues Brothers og kan elles høyrast på The Band si plate Islands frå 1977. I 1954 vart Doane Ethredge Perry fødd i Mt. Kisco i den amerikanske delstaten New York. Trommeslagaren Doane Perry slo seg saman med Jethro Tull i 1984 og kan i mi platehylle høyrast på plata Catfish Rising frå 1991. I 1960 var Count Basie sitt storband i Capitol Studios i New York og spela inn 9:20 Special, solistar var, i tillegg til Basie sjølv, Frank Wess på altsaksofon, Frank Foster på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1963 kom den Ben Granfeldt til verda i den finske hovudstaden Helsinki. Gitaristen Granfeldt er best kjend for samarbeidet med det finske showbandet Leningrad Cowboys og kan i mi platesamling høyrast på platene We Cum From Brooklyn frå 1992, Live In Provinz frå 1993, Happy Together frå 1994 og Go Space som kom i 1996. I 1965 vart Heinz Liljedahl fødd. Gitaristen Liljedahl, med ei fortid i Lustans Lakejer, sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ulf Lundell si plate Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1975 var hardarbeidande AC/DC i gang med å spele inn videoar til songane Show Business og Hight Voltage, som begge kan nytast på DVD’en Family Jewels frå 2005. I 1976 vart Cian Ciaran fødd i Bangor i Wales. Cian Ciaran spelar til dagleg tangentar for det walisiske bandet Super Furry Animals og kan høyrast på to ulike titlar i mi platesamling. I 1978 slepte The Clash singelen (White Man) In Hammersmith Palais, som nådde ein trettiandreplass på dei britiske singellistene. I 1980 stod Toy Dolls for underhaldninga på Annabells i Sunderland. Same kveld held Bob Seger & The Silver Bullet Band hus i Cobo Hall i Detroit. Frå konserten kan ein høyre Hollywood Nights og Betty Lou’s Getting Out Tonight på liveplata Nine Tonight som kom ut året etter. I 1997 kom Radiohead med plata OK Computer. I 1998 slepte Grace Jones samleplata Private Life: The Compass Point Sessions, som er ein dobbel CD med det beste frå dei tre platene dama spelte inn i Compass Point Studios på solfylte Bahamas, og Van Morrison nytta dagen til å sleppe ei dobbel samleplata kalla The Philosopher’s Stone, som inneheldt overskottsmateriale frå åra 1969 til 1988. Fiorella Mannoia slepte plata Belle Speranze.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar