12.06.2013

Tolvte juni

Tolvte juni 1941 vart Armando Anthony Corea fødd i Chelsea i Massachusetts. Pianisten og jazzlegenda Chick Corea er kjend som orkesterleiar og som ein av føregangsmennen innan elektrifiseringa av jazzen. I mi platesamling Corea høyrast medan han spelar for Miles Davis på studioplata In A Silent Way frå 1969, og på samleplata Water Babies frå 1976. I Brooklyn kom Marvin Phillip Aufrichtig til verda. Sportsankeret Marv Alberg kan i mi platehylle høyrast medan han parodierar seg sjølv på eit spor på Roger Water si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1944 kom Reginald Maurice Ball til verda i engelske Andover. Reg Presley var vokalist i The Troggs og kan i mi platehylle nytast på ei uoffisiell samleplate oppkalla etter bandet sin største slager, Wild Thing. Presley døyde i 2013. I 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda i engelske Willington. Multiinstrumentalisten John Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men har også vore innom Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This frå 1995. Wetton kan også høyrast som bassist i Uriah Heep på platene Return To Fantasy frå 1975 og High And Mighty frå 1976. I 1951 kom Brad Carlson til verda i Rockford i Illinois. Trommeslagar Bun E. Carlos har hatt levebrødet sitt i det fantastiske rockebandet Cheap Trick sidan starten, men grunna ryggproblem turnerar han for tida lite med bandet, sjølv om han framleis vert rekna som fullverdig medlem. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regissør var David Mallet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar