12.11.2011

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda. Jones er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MGs, og som musikar for stjerner som Willie Nelson og Bob Dylan. I 1945 vart den kanadiske superstjerna Neil Young fødd i Toronta, og utstyrt med mellomnamnet Percival. Young har, aleine og saman med bandet Crazy Horse gjeve ei rekkje bidrag til mi platehylle, og Young er også kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008. I 1953 vart Malcolm Macdonald fødd Lochmaddy i Skotland. Calum Macdonald har vore perkusjonist for Runrig sidan starten i 1973. I 1955 kom Leslie Richard McKeown til verda i Edinburgh. Les McKeown var songar i Bay City Rollers. I 1957 var Johnny Cash i Memphis og spela inn songen Big River, produsent var Jack Clement. I 1964 vart bassisten David Ellefson fødd i den skandinaviske delstaten Minnesota. Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i storbyen New York for å spele inn songen Splash, som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i fotballbyen Nottingham vertskap for Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turné. I 1999 slepte Marilyn Manson liveplata The Last Tour On Earth. I 2000 spelte ein Steve Earle i storform med fullt band i levande live på fjernsynsprogrammet Austin City Limits. Denne konserten er tilgjengeleg som DVD-plata Live From Austin TX. I 2001 kunne trufaste The Cure-fans kjøpe samleplata Greatest Hits, som var ein dobbel CD med det meste av det beste frå bandet. I 2002 var det plateslepp for Missy Elliot si fjerde plate, produktet fekk tittelen Under Construction og vart seinare nominert til Grammy-pris. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar