18.11.2011

Attande november

Attende november 1960 vart anonyme Kim Smith fødd i London. Kim Wilde har gjeve ut ei rekkje plater opp gjennom åra, men gjer det i dag like greitt som landskapsarkitekt. Kim Wilde prydar mi platehylle med plata Love Is frå 1992. I 1963 kom gitaristen og pianisten Thomas Darnal til verda. Darnal har gjort seg merkt i det franske punkrapbandet Mano Negra. I 1972 døyde Danny Whitten av ein overdose av den alltid like usunne blandinga av alkohol og valium. I 1981 slepte Joan Jett plata I Love Rock’n Roll som produserte megahiten med same namn. I 1983 avslutta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). Regissør var Derek Burbridge. I 1986 spela Toy Dolls på Big Ban i Kyoto. I 1993 var Nirvana i Sony Studios i New York og spela inn konserten som skulle ende opp som plata Unplugged In New York. Oppdragsgjevar var fjernsynskanalen MTV. I 1995 hadde Brixton Academy i London vitjing av Ozzy Osbourne med følgje. I 1997 gav AC/DC ut ein CD-Box med fem plater til minne om den avdøyde vokalisten Bon Scott. Boksen inneheld liveopptak og raritetar frå starten tidleg på syttitalet og fram til Scott døyde i 1980. Og som om det ikkje var nok, bydde denne dagen plateslepp frå Paul Simon og Erykah Badu. Produkta som vart tilgjengeleg denne dagen hadde namnet Songs From The Capeman (Simon) og Baduizm Live (Badu). I 1999 døyde tex-mex songaren Doug Sahm. I 2003 slepte Linkin Park konsertplata Live In Texas. Plata inneheld i tillegg ein DVD, mykje musikk for pengane med andre ord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar