25.11.2011

Tjuefemte november

Tjuefemte november 1927 kom Dick Wellstood til verda som Richard MacQueen Wellstood. Wellstood sitt pianospel kan i mi platesamling høyrast på plata The Freewhellin’ Bob Dylan frå 1963. I 1965 vart Timothy Lockwood Armstrong fødd i universitetsbyen Berkeley i California. Tim Armstrong er sjefen for Hellcat Records og har også tent til livets opphald i punkbandet Rancid. Armstrong kan i mi platehylle høyrast medan han syng og spelar gitar på Rancid-plata Life Won’t Wait frå 1998, i tillegg yt Armstrong også vokaliske bidrag på songen Television frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I 1959 kom gitaristen Steve Rothery til verda. Rothery har vore med i Marillion sidan starten tidleg på 1980-talet. I 1974 døyde ein altfor ung Nick Drake av ein altfor stor dose antidepressiva. I 1979 var Conservative Club i Thornaby vertskap for Toy Dolls, dette var, i følgje sikre kjelder, gitaristen Hud sin einaste konsert med bandet. I 1981 var AC/DC i Ohio og spelte i Riverfront Coliseum i Cincinnati, medan ein annan stor sceneperson, Iggy Pop, hadde teke turen til San Francisco for å underhalde. Denne konserten er tilgjengeleg under tittelen Live San Francisco 1981 og inneheld klassikarar som I’m A Conservative og Lust For Life. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Henderson Hall i Newcastle. I 2003 gav Johnny Cash sitt overivrige og grådige dødsbu ut CD-boxen Unearthed, som, tross mine motførestellingar mot grådige Cash-arvingar, toppa ynskjelista til jul det året. Og i og med at boksen er nemnt her, bør det vere mogleg å tenkje seg til at ynsket vart innfridd. Same dag slepte No Doubt si samling av listefyllarar The Singles 1992-2003, og produsent var Nelle Hooper. Og som om ikkje det var nok, gav Rage Against The Machine ut konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar