29.11.2011

Tjueniande november

Tjueniande november 1940 vart Seán Cannon fødd i Galway i Irland. Cannon har sidan 1982 vore vokalist i The Dubliners. I 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurricane. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate ho spela inn etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP-plata Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor som eigentleg var meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid. I 2001 døyde George Harrison.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar