15.11.2011

Femtande november

Femtande november 1932 vart Petula Sally Olwen Clark fødd i Surrey. Petula Clark byrja karrieren sin allereie under andre verdskrigen og skal ha selt nærare sytti millionar plater gjennom åra. I 1941 kom James Luther Dickinson til verda i Little Rock i Arkansas. Jim Dickinson sitt keyboardspel kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. Dickinson døyde i 2009. I 1945 vart Anni-Frid Lyngstad fødd. Lyngstad vart fødd i Balangen i Troms i Noreg, men gjorde svenske av seg i ung alder og er mest kjend for tida som songar i den svenske superkvartetten ABBA og ekteskapet med felles ABBA-medlem Benny Andersson. I 1951 kom gitaristen Frank Infante til verda. Infante slo seg saman med gruppa Blondie i 1977 og spelte med dei fram til bandet vart oppløyst fyrste gong i 1982. Infante fekk ikkje tilbod om å vere med då bandet vart attforeina tidleg på 1990-talet. Seinare har Infante heldt koken saman med store namn som Iggy Pop, Joan Jett og 4Non Blondes. I 1972 kom Gasolin’ si andre plate, Gaz 2, på marknaden på denne dagen. I 1981 introduserte Iron Maiden den nye vokalisten, Bruce Dickinson for den engelske fansen. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i Detroit. I 1986 bydde dagen på plateutgjeving frå Beastie Boys, debutplata var eit meisterverk som fekk namnet Licensed To Ill, ei plate som til no har selt i meir enn ni millionar eksemplar verda over. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i MJC jous les i Tours. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Apollo Theatre i Manchester. I 2005 slepte Green Day konsertplata Bullet In A Bible, der dei heldige, som eg, fekk med ein DVD med konsert med bandet. Same dag bydde også på plateslepp frå popikonet Madonna, hennar bidrag til popsoga fekk namnet Confessions On A Dance Flor og var hennar tiande studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar