24.11.2011

Tjuefjerde november

Tjuefjerde november 1941 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med superbassisten Donald Dunn. Dette skal han hendt i den musikalsk belasta byen Memphis i Tennessee. “Duck” Dunn vert av fleire rekna som verdas beste bassist og kan hjå meg høyrast på plate med dei legendariske banda Blues Brothers og Booker T & The MGs. Han trakterar også bassen på Bob Dylan si plate Shot Of Love som kom på marknaden i 1981. I 1946 kom Anthony Michael Clarkin til verda i Birmingham. Tony Clarkin la i ungdomen frisørsaksa på hylla for å spele gitar i bandet Magnum. Clarkin har skrive alle songane på dei tre platene som står i mi platehylle, Kingdom Of Madness frå 1978, Magnum II, som kom i 1979 og konsertplata Marauder frå 1980, alle på plateselskapet Jet Records. I 1954 vart trommeslagaren Clem Burke fødd i Bayonne, New Jersey. Burke fekk fødenamnet Clement Anthony Bozewski og er best kjend som trommeslagar i new-wave bandet Blondie. Han har også tromma for stjerner som Joan Jett. Burke har også gjort seg merka som Elvis Ramone etter at han heldt takten for dei skinnkledde i to show i august 1987. I 1960 vart familien Meyer i Oak Ridge i Tennessee lykkelege foreldre til jazzbassisten Edgar Meyer. Saman med resten av bandet Telluride kan Meyer hjå meg høyrast på Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1962 kom John Thommas Squire til verda. John Squire var gitarist i det engelske bandet The Stone Roses og kan i mi platehylle høyrast på deira andre og siste studioplate The Second Coming frå 1994. I 1978 slepte The Clash singelen Tommy Gun, som plasserte seg på ein fin nittandeplass som høgaste plassering på dei engelske singellistene. I 1982 var ein særs produktiv Stevie Ray Vaughan i studio og spela inn songane Love Struck Baby, Pride And Joy, Testify, Rude Mood, Mary Had A Little Lamb, Dirty Pool, Lenny og Tin Pan Alley (aka Roughest Place In Town) for bruk på plata Texas Flood. Med seg i studio hadde Stevie Ray bandet Double Trouble. I 1991 døyde Eric Carr av kreft, førtiein år gamal, same dag som Freddie Mercury sa takk for seg etter å ha levd med diagnosen HIV i fire år. I 1999 slepte Luca Turilli plata King Of The Nordic Twilight. Plata var den fyrste i ein triologi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar