27.11.2011

Tjuesjuande november

Tjuesjuande november 1942 vart Johnny Allen Hendrix fødd i Seattle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. Johnny Allen tok seinare namnet James Marshall Hendrix, men er i ettertid best kjend som gitarguruen Jimi Hendrix. Jimi Hendrix revolusjonerte gitaren si tyding i moderne rock og har inspirert eit utal unge gitarheltar over heile verda. Hendrix døyde i 1970. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i storbyen New York City. Benante sine musikalske bidrag til mi platesamling er som hardtarbeidande trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax. På den andre sida av det nordamerikanske kontinentet, I Los Angeles, kom Michael Andrew Bordin til verda. Trommeslagar Mike Bordin var ein av grunnleggjarane av Faith No More, i tillegg held han takten for Ozzy Osbourne ved behov. I 1965 vart gitaristen Fiachna Ó Braonáin fødd. Ó Maonlaí er fast medlem av det irske bandet Hothouse Flowers og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. Visnes er best kjend under artistnamna King ov Hell, eller berre King og har spelt bass i det bergenske metallbandet Gorgoroth, men hjå meg er det som medlem i bergenske Sahg (Sahg III) og på den spelemanndekorerte plata No Hay Banda med Audrey Horne han kan høyrast. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på singellistene. Bandet bak denne perla var galningane i Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset In The Middle Of Our Street. Same dag slepte Ozzy Osbourne konsertplata Speak Of The Devil, som var ei samling av gamle Black Sabbath-slagarar framført på The Ritz i New York tidlegare same år. Plata erstatta eit planlagt konsertopptak der gitaristen Rhandy Rhoads stod for underhaldninga, dette vart utsett på grunn av Rhoads sitt uventa dødsfall, men kom i butikkane seinare med tittelen Tribute. I 1987 var familien Timmins i spissen for det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto, der dei spelte inn det som enda opp som plata The Trinity Sessions. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og enno tre i utskjelte, men likevel så myteomspunne Hammersmith Odeon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar