22.11.2011

Tjueandre november

Tjueandre november 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. I 1946 vart bassisten Aston Francis Barrett fødd i Kingsoton på Jamaica. Aston “Family Man” Barrett var ein viktig del av lydbiletet til Bob MarleyI 1958 vart verda rikare då bondesonen og musikaren Jason Ringenberg kom til verda i den amerikanske delstaten Illinois. Som soloartist, leiar av Alt-Country-bandet Jason & The Scorchers og barne-TV-figuren Farmer Jason har Jason gleda fleire generasjonar på begge sider av Atlanterhavet, og på Facebook er det folk som føreslår han som neste president for USA. Det er absolutt lov å håpe. I 1978 kom Karen Lee Orzolek til verda i Sør-Korea. Karen O er songar i bandet Yeah Yeah Yeahs. I 1980 kom Motörhead med plata The Beer Drinkers EP. I 1981 var Toy Dolls i West Road Club i Loftus og AC/DC møtte den etter kvart trufaste fansen i Met Centre i norskamerikanske Minneapolis. I 1982 gjekk Stevie Ray Vaughan And Double Trouble i Down Town Studio i Los Angeles og starta innspelinga av det som skulle ende opp som plata Texas Flood, tittelsporet vart foreviga denne dagen. I 1988 gav Gipsy Kings ut si tredje studioplate, den hadde same namn som orkesteret og inneheldt slagaren Bamboleo. I 1993 var dette dagen Jethro Tull gav ut samleplata Nightcap. The Unreleased Masters som inneheldt ei rekkje tidlegare uutgjevne innspelingar som vart gjort tidleg i bandet si karriere. I 1997 døyde Michael Hutchence.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar