15.11.2011

Fjortande november

Fjortande november 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i Queens. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det som trommeslagar for W.A.S.P. på samleplata First Blood. Last Cuts han kan høyrast. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i Detroit der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. Theatret Barbet i Bordeaux tok i mot Toy Dolls i 1989. Same dato i 1992 kom Motörhead med The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret. I 1996 prisa AC/DC våren i Sydney. Dei frammøtte i Entertainment Centre fekk høyre Hail Cesar, Ballbreaker og Rock’n Roll Ain’t Noise Pollution, og det gjer me andre også, om må stappar DVD’en Plug Me In i spelaren. I 1997 heldt Bee Gees konsert på MGM Grand i Las Vegas. Konserten vart spela inn og kan kjøpast som både DVD og CD. CD-versjonen har fått namnet One Night Only og kom på marknaden i 1998. I 2000 slepte Offspring plata Conspiracy Of One. I 2005 fekk Pete Doherty sitt prosjekt Babyshambles sin platedebut med plata Down In Albion

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar