30.01.2014

Trettiande januar

Trettiande januar 1951 kom Philip David Charles Collins til verda i London. Phil Collins si karriere heng for det meste saman med det han har gjor som trommeslagar og vokalist for det britiske progrockbandet Genesis. I mi platehylle står plata We Can’t Dance frå 1991. I 1963 vart Joseph Patric Escalante fødd i Long Beach i California. Bassisten Joe Escalante spelar til dagleg, når han ikkje er oppteken med å drive plateselskapet Kung Fu Records, i The Vandals og kan hjå meg høyrast på studioplata The Quickening frå 1996. I 1971 spela Neil Young inn The Needle And The Damage Done i Royce Hall ved UCLA. Har du, som meg, platene Harvest (1972) eller Greatest Hits (2003) har du høve til å høyre denne songen kvar einaste dag. I 1984 døyde Luke Kelly. I 1989 gav Jerry Garcia og dei andre hippieveteranane i Grateful Dead ut konsertplata Dylan & The Dead saman med kompisen Bob Dylan. Innspelinga var gjort under ein felles turné sumaren 1987. I 2002 stod Brian Wilson på scenen i Royal Festival Hall. I 2006 slepte The Infadels plata med den sjølvmotseiande tittelen We Are Not The Infadels.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar