27.01.2014

Tjuesjuande januar

Tjuesjuande januar 1933 kom James E. Bond til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Jimmy Bond, som også kan høyrast medan han trakterar tuba i godt lag, kan i mi platehylle høyrast medan han spelar bass på utvalde spor på samleplatene The Best Of Chet Baker Plays (1992), og Greatest Hits, som Nina Simone sitt dødsbu slepte i 2003. Jimmy Bond døyde i 2012. I 1937 vart Buddie Gene Emmons fødd i Mishawaka i Indiana. Steel-Gitaristen Buddy Emmons kan hjå meg høyrast medan han spelar for George Jones på plata Walls Can Fall frå 1992, og på utvalde spor for Olav Stedje på samleplata 21 Best, som kom på marknaden i 1998. I 1937 kom Bo Gunnar Åkerström til verda i Stockholm. Visesongaren Fred Åkerström var ein av dei leiande visesongarane i Sverige på 60-talet og hjå meg høyrer du bassrøysta hans på to ulike samleplater utgjeve av kollegaen Cornelis Vreeswijk sitt dødsbu. Åkerström døyde i 1985. I 1944 kom Nicholas Berkeley Mason til verda i engelske Birmingham. Trommeslagaren Nick Mason er den einaste av medlemmene i Pink Floyd som har vore med sidan starten og hjå meg kan han han høyrast medan han held takten på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. I 1951 kom Seth Justman til verda i Washington D.C. Tangentmannen Justman var sentral i J. Geils Band, men hjå meg er han kreditert for å spele på Debbie Harry si plate Rockbird frå 1986. I Dublin vart Brian Michael Downey fødd. Trommeslagaren Brian Downey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på sporet Ode To Liberty på Phil Lynott si soloplate The Philip Lynott Album frå 1982. I 1952 kom George Edward Haddad til verda i Stroudsbourg i Pennsylvania. Gitaristen G. E. Smith sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985. I 1957 vart Elvis Presley sin fyrste RCA-singel utgjeven. Heartbreak Hotel nådde fyrsteplass på dei amerikanske listene, men nådde aldri høgare enn nummer 2 i England. I Hartlepool vart Janick Robert Gers fødd. Gitaristen Janick Gers har spela i fleire band gjennom karrieren sin, men det er nok flest som har høyrd han som gitarist i Iron Maiden, eit band han slo seg saman med i 1990. Hjå meg kan Gers høyrast på platene No Prayer For The Dying (1990), Fear Of The Dark (1992), The X Factor (1995), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Mather Of Life And Death (2006) og The Final Frontier (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012. I 1961 vart Margo Timmins fødd i Montreal. Saman med brørne Michael og Peter starta Margo bandet Cowboy Junkies i 1985. Bandet er til no representert med tre plater i mi platehylle, The Trinity Session (1988), The Caution Horses (1990), og Black Eyed Man (1992), alle med Margo si røyst langt framme i lydbiletet. I Manchester kom Gillian Lesley Gilbert til verda. Gitaristen og tangentdama Gillian Gilbert er gift med trommisen i Joy Division, Stephen Morris, noko som sørgja for at ho rykka langt fram i køen då dei tre attlevande medlemmane i Joy Division skulle starte eit nytt band, New Order, etter frontmann Ian Curtis sitt sjølvmord. Hjå meg kan Gilbert høyrast på New Order si samleplate Substance 1987, som kom på marknaden i 1987. I 1968 kom Michael Allen Patton til verda i den jordskjelvutsette byen Eureka i California. Allsidige Mike Patton var vokalist i Faith No More, som er representert med tre titlar hjå meg, studioplatene Angel Dust (1992) og Album Of The Year (1997), i tillegg til samleplata This Is It…The Best Of Faith No More frå 2003. I 1975 vart folkemusikaren Åshild Breie Nyhus fødd. Hjå meg kan Nyhus høyrast medan ho spelar fiolin på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1983 stod Toy Dolls på scenen på Le Metro i Sunderland. I 1985 var Toy Dolls i Den Haag og spela på Paarduntrouse. I 1997 slepte Reef plata Glow. I 2002 spelte den myteomspunne ”strandguten” Brian Wilson den fyrste av fire konsertar i Royal Festival Hall i London der heile The Beach Boys si mykje omtala Pet Sounds plate frå 1966 vert framførd. Konsertane vart foreviga på band og resultatet kan høyrast på plata Pet Sounds Live. I 2004 slepte elecktronicabandet Air si fjerde studioplate, Talkie Walkie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar