06.01.2014

Sjette januar

Sjette januar 1924 vart Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Banjogeniet Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Earl Scruggs er far til musikaren Randy Scruggs. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash si plate Ragged Old Flag frå 1974. Scruggs døyde i 2012. I 1937 kom Dorris Elaine Higginsen til verda i bydelen The Bronx i New York City. Songerinna Dorris Troy vert av fansen gjerne referert til som Mama Soul, hjå meg kan Troy høyrast Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Troy døyde i 2004. I 1951 kom Kim Wilson til verda i Detroit i Michigan. Bluesartisten Wilson flytta frå Detroit, via California, til Austin i 1974, og der slo han seg saman med supergitaristen Jimmie Vaughan. Saman starta dei to det fantastiske bluesbandet The Fabulous Thunderbirds, som har vore nominert til Grammyprisen fleire gonger. Hjå meg kan du høyre Wilson si røyst på studioplata Hot Number frå 1987. I 1959 kom Kathy Sledge til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Saman med systrene Kim, Debbie og Joni, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1963 vart Tina Landon fødd i Los Angeles i California. Koreografen Landon er i mi platehylle kreditert for å syngje på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1964 kom Truls Waagø til verda. Bassisten Waagø spelar til dagleg saman med Trondheim Symfoniorkester, hjå meg kan han høyrast på eit spor på Tre Små Kinesere si plate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 2007 døyde Sneaky Pete Kleinow. I 2010 døyde Shelly Kurland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar