18.01.2014

Attande januar

Attande januar 1938 kom Hargus Melvin Robbins til verda i Spring City i Tennessee. Den blinde pianisten Hargus «Pig» Robbins hadde ein hit med Save It i 1959 og denne vart seinare spela inn av kultpunkarane i The Cramps og gjeve ut på plata Off The Bone. Robbins har seinare arbeida med store countrynamn som Merle Haggard og Alan Jackson, og vart i 2012 innlemma i Country Music Hall Of Fame. Hjå meg er det ved tangentane på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til populærkulturen i 1973, og på George Jones si plate Walls Can Fall (1992), du finn Robbins. I 1944 vart Al Foster fødd i Richmond i jomfrustaten Virginia. Trommeslagaren Foster var ein viktig del av Miles Davis sitt band frå fyrste halvdel av syttitalet til 1985. Hjå meg kan Foster høyrast på Miles Davis sine plater Decoy frå 1984 og Amandla frå 1989. I 1955 kom Angela Winbush til verda i St. Louis i Missouri. Songerinna Winbush skal ha seld meir enn ti millionar plater på eiga hand og i duoen René & Angela, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på plata Tracs Of Life, som The Isley Brothers slepte i 1991. I 1969 vart Jim O’Rourke fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen og tangentmannen O’Rourke herja Chicago sin alternativscene i mange år før han flytta til New York i 2000 og slo seg saman med støyguruane i Sonic Youth. O’Rourke kan hjå meg kan høyrast på SY si studioplate Murray Street frå 2002. O’Rourke rakk også å produsere Wilco si sjette studioplate, A Ghost Is Born frå 2004, der han også er kreditert for å spele fleire instrument, før han flytta til soloppgongen sitt land, Japan. På den amerikanske vestkysten nytta Neil Young dagen til å spele inn Cowgirl In The Sand saman med husrockarane i Crazy Horse. Den seansen skal ha gått føre seg i Wally Heider Recording Studio. Spesielt interesserte kan høyre verket på mellom anna Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1971 kom Jonathan Houseman Davis til verda i «den andre» countryhovudstaden, Bakersfield i California. Jonathan Davis har vore frontmann i Korn sidan starten og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1973 vart Chrispian John David Boulting fødd i Hammersmith i London. Songar og gitarist Chrispian Mills er frontmann i Kula Shaker og hjå meg kan du høyre han på bandet si andre studioplate Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1984 kunne Toy Dolls høyrast på Spirit i San Diego. I 1985 fekk Sveits høve til å ta eit avbrekk i gjøkurproduksjon og Tobleronestøyping då Toy Dolls kom innom og spelte på Gaskessel i Biel. I 1986 var Toy Dolls i Sacramento der dei spelte på Roseville. I 2010 døyde Kate McGarrigle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar