04.01.2014

Fjerde januar

Fjerde januar 1922 kom Frank Wess til verda i Kansas City i Missouri. Saksofonisten Frank Wess kan i mi platehylle høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing, som kom ut i 1999. I 1942 vart John McLaughlin fødd i Doncaster i Nord England. McLaughlin er av gitarkollega Jeff Beck utropt til å vere verdas beste gitarist, noko mange er sams med han i. Hjå meg kan McLaughlin høyrast medan han spelar på ei av Miles Davis sine legendariske fusionjazzplater, In A Silent Way frå 1969. I 1947 kom John James King til verda i Kingsport i Tennessee. Trommeslagaren John King spelte for både Elton John og The Beach Boys, men gjorde det viktigaste arbeidet sitt for Steve Miller Band. Hjå meg kan King høyrast på plata The Joker frå 1973. King døyde i 2010. I 1954 kom Michael Thompson til verda. Thompson trakterar til dagleg Fransk Horn og hjå meg høyrere du han på Paul McCartney si plate Flaming Pie frå 1997. I 1955 kom Brian Thomas Ray til verda i solrike California. Gitaristen og bassisten Brian Ray sitt arbeid er hjå meg å høyra på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I 1956 kom Bernard Edward Sumner til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bernard Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order, og kan hjå meg høyrast på dei to ulike samleplatene Substance frå 1987 og 1988, den fyrste med New Order og den siste med Joy Division. Sumner er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000, og for bakgrunnsvokal på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music Baby. frå 2004. I 1957 vart Patricia Lee Ramey fødd i Pikeville i Kentucky. Countrysongerinna Patty Loveless sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I engelske Cuckfield kom Jay Stapley til verda. Gitaristen Stapley er i mi platehylle kreditert for å spele på Suede si plate Dog Man Star frå 1994. Dette var også dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart John Michael Stipe fødd i Decatur i Georgia. Songaren i R.E.M, Michael Stipe, treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv og mi platehylle har etter kvart fått ni ulike titlar signert Stipe og Co, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Eg var også så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M. på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. Stipe er hjå meg også kredittert for vokalbidrag på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og med hjelpevokal på Patti Smith si plate Peace & Noice (1997), i tillegg til same jobben på eit spor på Grant Lee Buffalo si plate Jubilee frå 1998. I 1963 kom Till Lindemann til verda i Leipzig i det tidlegare Aust-Tyskland. Den tidlegare juniorsvømmaren av høgt kaliber er i dag frontmann for det tyske industimetallbandet Rammstein, som eg var så heldig å få oppleve på Koengen i Bergen i 2010. Lindemann sitt bidrag til mi platehylle heiter Sensucht og kom på marknaden i 1997. I 1965 vart Caitlín O’Riordan fødd i oljelandet Nigeria. Cait O’Riordan kom seinare, i perioden 1983-1986, til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985, som begge er trygt på plass i mi platehylle. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste The Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. Gibbons kan også høyrast med bakgrunnsvokal når Portshead hjelp Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1967 kom Benjamin Darvill til verda i den canadiske byen Winnipeg. Mannen som i dag opptrer under artistnamnet Son Of Dave har ei fortid i Crash Test Dummies og hjå meg finn du mandolinspelet hans på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London, på programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger. Songen fekk ikkje plass på noko plate på det tidspunktet, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1977 kom Timmothy James Arthur Wheeler til verda i Downpatrick i Nord-Irland. Tim Wheeler er gitarist og ein av grunnleggjarane av bandet Ash. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot. I 2011 døyde Gerry Rafferty og Mick Kern.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar