25.01.2014

Tjuefemte januar

Tjuefemte januar 1955 var dagen Terry Chimes kom til verda i London. Chimes er mest kjent for jobben han gjorde med å halde styr trommer og takt i den engelske punkgruppa The Clash. Hjå meg kan Chimes høyrast på studioplata Combat Rock (1982), og samleplata The Singles (2007). I 1956 vart Andrew Cox fødd i engelske Birmingham. Gitaristen Andy Cox er ein av grunnleggjarane av kultbandet Fine Young Cannibals og kan hjå meg høyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate frå 1985. I 1958 kom Gary Brian Tibbs til verda i engelske Northwood. Bassisten Gary Tibbs har vore innom Adam & The Ants, men hjå meg er det på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995 han kan høyrast. I 1966 var The Byrds i studio for å spela inn hippiesongen framføre nokon annan, Eight Miles High, ein song som kan nytast på bandet si trede studioplate, Fifth Dimension, som kom på marknaden seinare same året. I 1979 var det Oh Come, Angel Band som fekk evig liv i Johnny Cash sin versjon. Songen kan høyrast på både A Believer Sings The Truth og samleplata God frå 2000. I 1981 var Ebba Grön på EFMD i Västa Haninge. Låtane Alla Visa Män, Hat & Blod og Slicka Uppåt, Sparka Heråt kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Totenhosen i Saarbrücken. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til California, nærare bestemt Los Angeles, for å spele på Fenders. I 2011 gav Motörhead ut plata The Wörld Is Yours. Her kan det vere greitt å merkje seg at sjølv om dette er informasjon som er henta frå bandet si eiga nettside, så har det seg slik at plata fekk plass i mi platehylle ein månad tidlegare, noko som visar at det som burde vere truverdig informasjon frå dei ulike banda sine offisielle nettstader ikkje alltid er heilt til å stole på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar