10.01.2014

Tiande januar

Tiande januar 1924 kom Maxwell Lemuel Roach kom til verda i Newland i North Carolina. Trommeslagaren Max Roach var ein pioner i sjangeren Be Bop og vert rekna som ein av tidenes viktigaste perkusjonistar. Roach sitt eminente trommespel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Roach døyde i 2007. I 1945 kom Roderick David Stewart til verda i London. Mannen med anar frå The Lowlands var innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa hundre prosent på musikken. Nyare plater, som The Great American Song Book, er, etter ein uheldig operasjon på stemmebanda, med å gjeve den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Mercury Years er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast for alle som elskar den musikken som gjorde fyrste halvleik av syttitalet verda å leve. Går ein enno lengre attende i tid ser ein at gamle Roderick var vokalist i den engelske supergruppa Faces og hjå meg han kan høyrast på plata Long Player frå 1971. I hylla står også Smiler (1974), Vagabond Heart (1991), og ei heller dårleg konsertplate kalla Live USA. I 1946 kom Aynsley Thomas Dunbar til verda i engelske Liverpool. Trommeslagaren Aynsley Dunbar vert av mange rekna som ein av tidenes beste rocketrommisar. Hjå meg kan Dunbar høyrast medan han held takten for Ian Hunter på plata All American Alien Boy frå 1976, og på eit par av spora på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1948 vart Donald Jay Fagen fødd i Passiac i New Jersey. Donald Fagen er ein av grunnleggjarane av bandet Steely Dan og kan hjå meg høyrast i elegant samspel med kompisen Walter Brecker på ei høgst uoffisiell samleplate kalla The Masters. I 1952 kom Scott Troy Thurston til verda i Medford i konservative Oregon. Multiinstrumentalisten Scott Thurston sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som tangentspel på Melissa Etheridge sine plater Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989), Never Enough (1992) og Yes, I Am (1993). I 1956 vart Shawn Colvin fødd i Vermillion i South Dakota. Colvin sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på to spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1991. Same dag var Elvis Presley i studio og spela inn det som er ein av hans signaturlåtar, Heartbreak Hotel. I 1955 vart den tyske gitaristen Michael Schenker fødd i Sarstedt. Schenker er kjend som ein av verdas mest humørsjuke gitaristar og elles for å ha spelt saman med band som Scorpions, Ratt, MSG og UFO. Det er nettopp sistnemnde som er grunnen til at Michael har fått plass i denne bloggen, bidraget heiter Obesssion og vart tilgjengeleg for platekjøparane i juni 1978. I 1964 kom Bradley Kenneth Roberts til verda i canadiske Winnipeg. Brad Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1976 døyde Howlin’ Wolf. I 1977 gav Ramones ut plata Leave Home. I 2001 døyde Bryan Gregory.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar