08.01.2014

Åttande januar

Åttande januar 1906 kom Wendell Phillips Culley til verda i Worchester i Massachusetts. Trompetisten Wendell Culley spelte saman med storbandleiaren Count Basie på femtitalet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing, som kom på marknaden i 1999. Wendell Culley døyde i 1983. I 1929 vart Luther Monroe Perkins fødd i musikkbyen Memphis i Tennessee. Gitaristen Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash, der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Det er diverre ikkje plass til å liste opp alle platene Perkins sitt gitarspel kan høyrast på. Perkins døyde altfor ung i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis Presley fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet. I 1937 vart Shirley Veronica Bassey fødd i Tiger Bay ved Cardiff i Wales. Songerinna Shirley Bassey er ei av dei mest populære songerinnene i Storbritannia gjennom det tjuande hundreåret, og vert gjerne hugsa for stor suksess tre ulike kjenninsmelodiar til tre ulike James Bond-filmar. I mi platehylle kan Bassey si flotte røyst høyrast på Yello si plate One Second frå 1987. I 1946 vart Robert Alan Krieger fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Robby Krieger slo gjennom med The Doors og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1980. I 1947 kom David Robert Jones til verda i metropolen London. Rockekameleonen David Bowie treng, etter å ha prega populærmusikken i fleire tiår, ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein, enn så lenge, plata Space Oddity frå 1969, samt Never Let Me Down, som kom på marknaden i 1987. Bowie er også kreditert for å spele saksofon og synge hjelpevokal på tittelsporet på Mott The Hoople si femte studioplate All The Young Dudes frå 1972, ein song han også har komponert, og for bakgrunnsvokal på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1954 vart Jerry Vivino fødd i Paterson i New Jersey. Vivino sitt saksofonspel kan i mi platesamling nytast på Bon Jovi si studioplate These Days frå 1995. I 1958 vart gitaristen Marc Moreland fødd i California. Moreland er best kjend for arbeidet han gjorde med bandet Wall Of Voodoo, og hjå meg kan han høyrast på plata Happy Planet frå 1987. Moreland døyde i 2002 av leversvikt etter massivt alkoholforbruk. Same dag kom Stephen Garvey til verda i engelske Manchester. Bassisten Steve Garvey er kjend for å ha spela med Buzzcocks i to periodar og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på samleplata Singles Going Steady frå 1979. I 1959 vart Paul Newell Hester fødd i den tidlegare australske olympiabyen Melbourne. Trommeslagaren Paul Hester er best kjend for arbeidet han gjorde med Crowded House og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på plata Together Alone frå 1993. Hester gjekk til det dramatiske steget at han tok sitt eige liv i 2005. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar