12.01.2014

Tolvte januar

Tolvte januar 1944 vart John Henry Schroer fødd. Som medlem av The Caledonia Soul Orchestra spelte saksofonisten Jack Schroer på er rekkje av Van Morrison sine plater. Hjå meg kan Jack Schroer sitt saksofonspel høyrast på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone, som Van Morrison slepte i 1998. Schroer døyde i 1995. I 1946 kom George Duke til verda i San Rafael i California. Duke har skaffa seg sjølv eit namn som keyboardspelar i bandet til Frank Zappa, men i mi samling høyrer du han medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Miles Davis sine plater Tutu (1986), og Amandla frå 1989. Duke er i tillegg kreditert for å spele på Queen Latifa si studioplate Travlin’ Light frå 2007. I 1948 vart Chris Michie fødd i Ithaca i New York. Gitaristen Michie er best kjend for arbeidet han gjorde med Van Morrison. Hjå meg kan Michie høyrast på Van Morrison si studioplate No Guru, No Method, No Teacher frå 1986, i tillegg til utvalde spor på samleplalta The Philosopher’s Stone frå 1998. Michie døyde i 2003. I 1950 kom Henryk Arkadiusz Lysniak til verda i Polen. Pianisten Henryk Lysniak hadde den prisløna karrieren sin i Noreg og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Trond Viggos Beste, som Trond Viggo Torgersen slepte i 1997. Lysniak døyde i 2005. I 1957 var Elvis Presley i studio for å spele inn All Shook Up. Musikken var ved The Jordanaires. I 1959 vart Hans Kristian Emmerich fødd i den vestlege delen av Berlin. Gitaristen og komponisten Blixa Bargeld er i mi platesamling representert som gitarist i The Bad Seeds, bandet som står for musikken når Nick Cave syng på platene From Here To Eternity frå 1984 og The Boatman’s Call frå 1997. I Halmstad kom Per Håkan Gessle til verda. Per Gessle har herja platelistene med både Gyllene Tider og Roxette og hjå meg kan han høyrast på sistnemde si plate Joyride frå 1991. I 1963 vart Guy Chambers fødd i London. Plateprodusenten Chambers er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på Robbie Williams si studioplate I’ve Been Expecting You frå 1998. I 1970 kom Zacarias Manuel de la Rocha til verda i Long Beach i California. Zack de la Rocha var fram til 2000 songar i no oppløyste Rage Against The Machine, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), i tillegg til konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003). I 1973 vart Matthew Wong fødd i Hilo på Hawaii. Bassisten Matt Wong var ein av grunnleggjarane av Reel Big Fish, men sa takk for seg i bandet i 2007. Hjå meg kan Wong sine musikalske bravadar høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1980 var det Labour Club i Hordon som fekk vitjing av gutane i Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls på plass i den californiske hovudstaden, Sacramento og spelte på Minimal. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Oden i Münster. I 1993 slepte Dennis Leary plata No Cure For Cancer, ei plate som er ein fin blanding av Stand-Up og studioinnspelingar. I 1999 bydde dagen på plateslepp frå The Black Crows og dagens gåve til folket hadde namnet By Your Side og var bandet si femte studioplate. I 2003 døyde Maurice Gibb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar