16.01.2014

Sekstande januar

Sekstande januar 1969 vart Stevie Jackson fødd i skotske Glasgow. Gitaristen Jackson er best kjend for å spele i Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1974 kom Kate Moss til verda i bydelen Croydon på sørsida av Themsen i London. Fotomodellen Moss er kjend for eit stormfullt forhold til songaren Pete Doherty og kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på eit spor på Doherty sitt prosjekt Babyshambles si debutplate Down In Albion frå 2005. I 1981 kom Nicholas Valensi til verda i New York City. Nick Valensi er gitarist i The Strokes, og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Is This It (2001) og Room On Fire (2003). Same dag slepte The Clash singlen Hitsville UK, som nøygde seg med ein heller beskjeden femtisjetteplass på dei engelske singellistene. I 1983 bydde Toy Dolls opp til dans i Working Mens Club i Hetton. I 1985 bydde på Toy Dolls konsert i Bochum, Zeche var staden dei frammøtte fekk oppleve Olga og Co. I 1986 spelte Toy Dolls på Tsubaki House i Tokyo for andre kveld på rad. I 1998 gav Air ut plata Moon Safari i heimlandet Frankrike, resten av verda måtte venta eit par dagar, men heldigvis ikkje mange.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar