11.01.2014

Ellevte januar

Ellevte januar 1934 kom Egil Johansen til verda i Oslo. Trommisten med tilnamnet Bop var ein prisløna percusjonist og kan hjå meg høyrast på The Brazz Brothers si fantastiske konsertplate AfroBrazz frå 1993, i tillegg til utvalde spor på samleplatene Guldkorn Från Master Cees Memoarer (1996) og Guldkorn (Samhällskritikern) (2001), begge i regi av Cornelis Vreeswijk sitt dødsbu. Johansen døyde i 1998. I 1955 vart Michael Thomas Cocks fødd i australske Sydney. Gitaristen Mick Cocks er best kjend for arbeidet han gjorde med Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Som så mange andre medlemmer av Rose Tattoo døyde Cocks av kreft, i Cocks sitt tilfelle hendte det i 2009. I 1958 vart Victoria Anna Theresa Peterson fødd i Los Angeles i California. Vicki Peterson er gitarist i jentebandet The Bangles og kan hjå meg høyrast saman med resten av jentegjengen på samleplata Greatest Hits frå 1990. I 1967 kom Jacquire King til verda i Washington D.C. Platerpodusenten King er i mi platehylle kreditert for programmering på to spor på Tom Waits si tolvte studioplate, Mule Variations frå 1999. I 1968 vart Thomas Martin Dumont fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Tom Dumont spelar til dagleg i No Doubt og trakterar også keyboard i bandet når det røyner på. Hjå meg kan Dumont høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003). I 1971 kom Thomas Owen Mostyn Rowlands til verda i London. Tom Rowlands er den eine halvleiken av electronica-duoen The Chemical Broters og er i mi platesamling representert med den kritikarroste plata Drop The Bomb frå 2005. I Bronx vart Mary Jane Blige fødd. Rapartisten Mary J. Blige sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998, og på eit spor på plata Sacred Love, som Sting slepte i 2003. I 1975 vart Jason Diakité fødd i Malmö. Den svenske rap-artisten Timbuktu har gjeve ut fleire rap-plater av høg kvalitet og mi platehylle byr på Oberoandeframkallande frå 2007. I 1981 var Toy Dolls å oppleve i levande live i West Cornfort i Durham. I 1985 var Iron Maiden på si fyrste vitjing til Sør-Amerika der dei spelte for nærare 200 000 på gigantiske Marracana stadion under Rock in Rio. Same kveld var det Korn i Hannover som fekk vitjing av Toy Dolls, dette var Pete Zulu sin fyrste konsert i den andre perioden han var med bandet. I 2010 døyde Mick Green.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar