15.01.2014

Femtande januar

Femtande januar 1941 kom Don Glen Vliet til verda i Glendale i California. Captain Beefheart blanda jazz, blues og psykedelia på sitt særeigne avant-garde vis. Captain Beefheart samarbeida til tider med ein annan eksperimentell musikar, nemleg Frank Zappa, noko som ikkje gjekk stillferdig for seg. Captain Beefheart døyde i 2010. I 1948 vart Ronald Wayne Van Zant fødd i Jacksonville i Florida. Songaren Ronnie Van Zant var ein av grunnleggjarane av Lynyrd Skynyrd og kan hjå meg høyrast på den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998, han er også kreditert for posthumt vokalbidrag på songen Travelin’ Man på studioplata Twenty frå 1997. Van Zant døyde i eit flykrasj i Gilesbourg i Mississippi i 1977. I 1951 vart Peter Rodney Byford fødd i Honley i West Yorkshire. Helsefanatikaren Biff Byford var med å starte bandet Son Of A Bitch midt på 1970-talet. Bandet skifta seinare namn til Saxon og leverte ei rekkje album som plasserte seg høgt på platelistene utover åttitalet. Hjå meg finn du klassikaren Wings Of Steel frå 1980. I Lyons i Nebraska kom Douglas Elwin Erikson til verda. Duke Erikson er ein av grunnleggjarane av Garbage og har lurt to plater, Garbage (1995) og Version 2.0 (1998), inn i mi platehylle. I 1952 kom den sveitsiske musikaren Boris Blank til verda i den sveitsiske hovudstaden Bern. Blank er mannen som skapar den særeigne ljoden i den sveitsiske duoen Yello, som herja lister og dansegolv på åttitalet. Seks titlar frå sveitsarane, You Gotta Say Yes To Another Exess (1983), Stella (1985), One Second (1987), Flag (1988), Baby (1991) og Zebra (1994), er på plass i hylla, til no. Same dag vart Melvyn Gale fødd i London. Cellisten Gale spelte i Electric Light Orchestra frå 1975 til 1979 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1957 byrja Elvis Presley innspelinga av (Let Me Be Your) Teddy Bear, og året etter, 1958, spela same Elvis Presley og The Jordanaires inn Hard Headed Woman for filmen King Creole. I 1959 vart Peter Trewavas fødd i engelske Middlesbrough. Bassisten Pete Trewavas spelar til dagleg i Marillion, og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1965 kom den fyrste singelen Pete Townshend, Roger Daltrey, John Entwistle og Keith Moon gav ut under namnet The Who. I Can’t Explain vart produsert av Shel Talmy og var ein fast del av liveprogrammet til bandet heile karrieren, ofte som konsertopnar. I 1970 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata This Girl’s In Love With You. Fleire av spora er også å finne på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1. Same dag gav MC5 ut plata Back In The USA på plateselskapet Atlantic. Plata, som var spela inn i GM Studios i East Detroit, med produsent John Landau bak spakane, vert rekna som den viktigaste av dei tre langspelplatene bandet gav ut i den korte og hektiske karrieren sin. I 1984 var Toy Dolls på plass i Concept Factory i Seal Beach. I 1985 var Forum i Enger vertskap for ein Toy Dolls-konsert. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Tsubaki House i Tokyo. I 1992 døyde Dee Murray.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar