03.03.2017

Tredje mars

Tredje mars 1923 kom Arthel Lane Watson til verda i Deep Gap i North Carolina. Gitaristen Doc Watson mista syne før han var året gamal, men det hindra han ikkje i å spele dugande bluegras-musikk heile livet. Hjå meg kan Watson sitt gitarspel høyrast på studioplata Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. Watson døyde i 2012. I 1933 vart Jimmy Garrison fødd i Miami i pensjoniststaten Florida. Bassisten Garrison er best kjend for arbeidet han gjorde saman med John Coltrane i og mi platehylle er det på sistnemnde sine plater Live At Birdland 1962 (1963), og Cresent frå 1964 arbeidet hans kan høyrast. Garrison døyde i 1976. I 1947 kom Jennifer Jean Warnes til verda i Seattle i delstaten Washington. Jennifer Warnes har sopt med seg fleire Oscars for filmmusikken sin og kan hjå meg høyrast medan ho syng for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. Warnes er også kreditert for å syngje på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol.1-3, som Bob Dylan slepte i 1991. I 1948 vart Terence Charles White fødd i engelske Barnstaple. Gitaristen Snowy White er best kjend for å spele med Thin Lizzy og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Dedications frå 1991. I 1953 vart Robyn Rowan Hitchcock fødd i London. Robyn Hitchcock er i mi platehylle kreditert for hjelpevokal på Grant Lee Buffalo si studioplate Jubilee frå 1998. I 1954 kom John Lilley til verda i West Chester i Pennsylvania. Gitaristen Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. Også plateprodusenten Christopher Merrick Hughes kom til verda denne dagen, og det hendte i London. Chris Hughes var trommeslagar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast medan han held takten på utvalde spor på den doble samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. I 1966 kom Timo Tapio Tolkki til verda i finske Nurmijärvi. Gitaristen Timo Tolkki er høgt plassert på Guitar World si liste over verdas snøggaste gitaristar. Til dagleg spelar Tolkki i Stratovarius, der han også bekler vokalistrolla. Hjå meg høyrer du Tolkki på bandet si tredje studioplate, Dreamspace, frå 1994. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1976 var AC/DC i St. Albans i den australske delstaten Victoria. DVD-samlinga Plug Me In byr på eit opptak av songane School Days og T.N.T., og dette er ein ekte godbit, for dei er ikkje gjeve ut tidlegare. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid til då, og i skrivande stund har han ikkje overgått seg sjølv, men me ventar i spenning. I 2009 døyde David Williams. I 2012 døyde Frank Marocco og Ronnie Montrose.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar